Varden opp, heilt topp

Lokale heltar og britar nyt bålets goder!

Palmesundag var det atter ein gong tid for den årlege turen til Varden (218moh) for Huglo-folket. Staute Sortland-karar bar børa som gagna oss alle opp, til stor glede for alt turfolket. Ja, du gissa rett! Det var ved. Og nettopp denne veden, i ovelege mengder, gav god varme og matsjarme i den småkalde trekken i opphaldsveret.

Men innimellom eit ukjent antal lokale tennfjordingar, landmålarar, gardistar og politimenn var det og framandfolk som hadde kara seg til fjells. Huglo-promotør Hilde hadde rekruttert ein kunstkjennar frå “Stranda” like inne på fastlandet mot Fitjar, ein sosiolog frå “fastøya”, ein sjukepleiar frå den same “faste” Stord-øya og ein dyr journalist frå Sunnmøre. Sanneleg var det ikkje to britiskætta som hadde tatt turen opp i høgda.

Framandfolket såg verkeleg fram til dei gode bålgrillingstilhøva. Lite og inkje er som sjølvsvidd pinnebrøddeig kring ei halvrå pulse! Elles vart det ein fin bonus å få vitja seniorprisvinnar farmor Eikeland, Åsmund kanin og alle dei relativt nyføydde lam som var komne til gards hjå familien Eikeland.

Huglo leverte verkeleg til forventningane, som alltid. Det er verkeleg ein rikdom de har på øya dykkar. Takk for gjestfridomen!

Infotavla på ferjekaja kringkasta nyhenda om palmessøndagsturen til Varden
Hugloglade stordjenter på veg opp skogen mot Varden.
Elen, Gunnhild, Huglo-Hilde og Elisabeth er undervegs mot toppen.
Skal det vere ei pulse?
Eirik prøvar å skjule augefargen sin
Elen, Elisabeth og Hilde gledar seg over idrottslaget sitt tiltak
Gunnhild skulle ynskje ho budde på Huglo
Lokale heltar og britar nyt bålets goder!

Tekst og Foto: Magnus Hatløy