14 sprekinger starta mot Varden i sol og 24 grader, 10 vaksne og 4 i barnegruppa, som varierte i alder frå 12 år til 17.
Ein av dei vaksne sprang feil veg og fekk ikkje tellande tid, men alle fullførte, sjølv om det var overraskande vått undervegs og tyngre å løpa enn vanleg. Det vises på på tidene, Hanne Namsvatn vann vaksenklassa på 18 min 23 sek, ca. 4 minutter under rekorden satt i 2018, Mathilde Caldwell, 15 år gamal, vart klokka inn på 21;53.
Bravo og gratulerar til vinnarane, og bravo og gratulerar for fullført løp for alle 13/14!! Alle fekk seg ein velfortjent iskrem, og så var det heim i dusjen. Me meire vanlege folk er stumme av beundring for folk som vil seg så vondt at dei kappspring opp til Varden.