Me som hadde funne vegen til samfunnssalen på Huglo skule, fekk oppleva ein fin kveldsstund med vakker korsong. Tysnes Kammerkor framførde kjende songar og hymnar under leiing av dirigenten, Jurgita Bubilate, som óg spela piano. Koret er med rette stolte av solisten sin, Lise Sjåk Dalen! Og Henrik Barthel hadde både gode ord og dikt av Ivar Aasen som han framførde, frå samlinga Symra (1883). Huglarane nikka til “Gamle grendi”, det diktet kunne godt ha skildra Huglo og samhaldet her.
Koret vart stifta i 1993, og heit fram til 2005 Kor Så Helst. Dei ynskjer seg nye songarar! Og sjølv om dei no heiter Tysnes Kammerkor, tar dei imot songarar frå Huglo med opne armar, forsikra dei. Øvingane er på Onarheim skule, om nokon skulle kjenna seg kalla.
Koret hadde sjølv tatt initiativ til konserten (og takk for det!) Ramene rundt, det praktiske og kaffe, kjeks og frukt, sto styret i Bygdalaget for. Som vanleg, ingen samankomst på Huglo utan kaffe og noko å bita i.
Dette kan med føremon verta ein årleg tradisjon! Velkommen tilbake til Huglo, Tysnes Kammerkor.