Foreldreomsut

På heimveg i maksver
På heimveg i maksver

To gonger om dagen kan me på Nordhuglo sjå grågåsfamiliene som hekkar på holmane, koma symjande inn for å beita på grasbakkane.  Mor fyrst, så ungane på rad og rekkje, og så han far sist.  Og gjerne fleire familiar samla, men alltid på ryddig geledd.  Den største ungeflokken har eit grågåspar med sju ungar, ein familie har berre ein unge – kor har det vorte av resten?  Minken, kanskje?  Men minkungar skal vel og ha mat?  Ikkje lett å ta stilling i eit slikt dilemma.

Grågåsa har ein innebygd solidaritet med naboane sine som kunne vera eit førebilete for fleire:  Ein ettermiddag kom tre familiar symjande inn, beita og koste seg .  Då dei skulle heim, hadde nordavinden fått godt tak.  To familiar hadde store ungar som så ut til å klara brasane, dei la i veg utover Huglavikjo.   Hos siste familien  var ungane for små, dei kava fortvilde med oppmuntring frå foreldra, men ingen av dei kom seg særleg i veg.  Då dei to sterke familiane oppdaga dette, snudde dei og symde tilbake, og alle tre familiane vagga opp på bakken igjen og fann seg ein overnattingsplass saman i ly for vinden.