Tysnes Kammerkor, under leiing av dirigenten Trent Bruner – held tirsdag vårkonsert i Huglo Bedehus.
Frisk song og vakre, rolege songar, alt framført med smil og entusiasme for eit takknemleg publikum. Stemninga var sett frå starten, då Hans Ole Dalland innleide med å snakka om det gode samarbeide mellom Tysnes og Huglo. Han nemde særskilt Onarhein Musikklag og Huglo Generasjonskorps og deira 1.plass i sin klasse i Hordablæsten, og hadde elles fleire gode ting å seia om lokalsamfunnet Huglo. Slikt likar me!
Stig Johansen, ny i koret av året, song og spelte gitar, og koret hadde òg fleire positive solistar me kunne gle oss over.
Me seier takk for besøket og velkommen att til Huglo.