Det er utenkjeleg i dag å ikkje skru på springen når me treng vatn. Me skal ikkje så mange år attende i tida då det å ha ei skikkeleg vasskjelde i nærleiken ofte kunne vera avgjerande for kor ein sette opp bustadhuset. Men ofte vart også slike gamle kjelder turre. Då vart det vassløysa. Ein turr sommar skapte ofte problem.
Studer dette bilete, teke av Johannes Sørli ikring 1950. Her er det mor hans, Adina Sørli, som ikkje har meir vatn i kjelda si, i alle fall ikkje til klevask og ho må ty til ein litt utradisjonell måte for oss i dag for å få reine klede til seg og sine.
Skitneklede, kokegryte, stampar og vaskebrett er boren ombord i færingen som ligg fortøydd litt lenger ute. Så har ho rodd til næraste sildrebekk for å vaska. Gjerne hadde ho ved med seg også, elles var det å sanka rekved. Vatnet måtte kokast, gjerne ein del av kleda også før alt måtte ein tur på vaskebrettet med såpe og rå handemakt. Etterpå skulle det skyljast fleire gonger før det var ferdig. Det skulle god rygg til også. Her er det ikkje snakk om arbeidsbenk i passeleg høgde, ein høveleg stein får gjera nytta.
Ikkje noka AEG, eller vaskemaskinar med andre bokstavar i den tida. Litt rart å tenkje på, berre ca 60 år attende i tid.
Foto: Johannes Sørli Klikk for større bilde
Tekst: Arne Sortland