Fyrstkomande laurdag, 29., vert det tradisjonell Huglamesse i gymsalen på skulen. Born og vaksne med tilknyting til Huglo visar fram og sel eigne produkt innan eit breit spekter av handverk, handarbeide og ymse anna.
Det vert kafé med varm suppe og kaker, te, kaffe og heimelaga saft.
Messa er open frå kl. 12 til kl. 15.
Huglo Bygdekvinnelag ynskjer alle hjarteleg velkomne!