Referat frå haustmøte Huglo Bygdalag

Trivselsøya Huglo 071

Huglo Bygdalag hadde tradisjonelt haustmøte på skulen 19.d.m.  Ca 30 huglarar – den yngste 10 mndr gamal, den eldste 85 år, var møtt fram for å høyra kva styret hadde arbeid med sidan årsmøtet.  Harry Herstad var invitert til å halda eit “sosialt innslag”.  Og som på alle samlingar på Huglo, var det mat og kaffe og tid til drøs.

 

Styret hadde hatt 7 styremøte.

Vikasanden:  Friluftsrådet Vest har levert ein plenklippar til Vikasanden.  Der var ryddedugnad i vår, men framleis bør det takast nokre tak for å rydda attliggande stua etter rotvelt m.m.

Vatn og avlaup:  Ny leidning med vatn og avlaup vert lagt ned fra Reset til ny spillvasstank på nordre sida vegen ved Samsonhagen.  Deler av arbeidet er utført.  Dette vart sagt på siste haustmøte.  Me ventar ennå på ferdigstilling.  Sigurd har purra ein del gangar.  Ut frå siste purring vert arbeidet ferdig i løpet av hausten.

17.mai: Vart som året før stelt i stand av diverse lag.  Vel utført!  Komiteen som sto ansvarleg for gjennomføringa gjorde ein god jobb.

huglo.no: Var ute for eit dataangrep for eit par år sidan.  Kvaliteten på sida vart noko redusert.  Oppgradering er no utført.  Mykje arbeid er lagt ned her.  Dei som legg inn nyhende og informasjon på nettsida gjer ein framifrå jobb.

Hugladag:  Vart i sommar gjennomført.  Eit vellukka arrangement der folk stilte på dugnad for å få dagen gjennomført.

G.nr.66/40 – Barnehagetomta:  i sommar vart huset leigd ut att.  Fiberkabel reknar ein med vert lagt inn i huset med det fyrste.  Det er også planlagt å laga ei utebod.

G.nr.3/78 – Samsonhagen:  Ventar på at vatn og avlaup vert ferdigstilt slik at tomta vert klar til å byggjast på.  Når dette ligg føre, må HBL ta stilling til kva som skal gjerast med tomta.

Fastlandsambandet:  Fastlandsambandet Huglo – Tysnes:  De styrande partia i Stord kommune er samde om at dette skal inn på Hordaland Fylkeskommune si liste for RTP (programfesta).  Prosjekt som skal inn på RTP vert avgjort no komande vår.  Fastsambandet er komen med i planprogrammet for prosjekt som samarbeidsrådet for Sunnhordland jobbar med.  Dei reknar det som så og seia  “sikkert” at sambandet vert omtala i RTP.

Skulen:  Har eit stort etterslep når det gjeld oppussing.  Nytt strømabonnement er på plass.  Formannen i driftsstyret var forhindra frå å møte, så nærare informasjon blei utsett.

Harry Herstad hadde "sosialt innslag"
Harry Herstad hadde “sosialt innslag”