Verdas minste julegate opna

Trass i alle restriksjonar vart det ei lita høgtid over markeringa av start på adventstida på Huglo, kanskje meir enn vanleg.  Huglarane viste seg glade for at denne tradisjonen framleis sto ved lag, og med klårt, roleg ver var og forutsetnadene gode.  Heile 9 musikantar gav oss julesongane, gløggen var god og folk hadde tid til ein drøs.

Ekstra var det i år at det var snorklypping for å markera at prosjektet “Nytt tankingsanlegg” var fullført.  Den frivillege 24/7 Per Egil, som har vore fyrstemann på jobb om morgonen og sistemann heim, den lokale totalentreprenøren Albert, og butikkens daglege leiar Wenche, som hadde oversikta, fekk velfortent ros og takk.

Så ynskjer huglo.no alle lesarene sine ein fin, frisk og sund førjulstid.