Tenning av julegrana

Julegata vert opna, og det vert tenning av julegrana på fredag, 27.d.m. kl 16.30.  Samstundes vert det óg markering – snorklypping – for det nye tankingsanlegget!  Som tradisjonen tilseier, vert det korpsmusikk, og servering av gløgg og pepperkaker.

Men:  Av smittevernhensyn vert det ikkje høve til å gå inn i Huglabutikken og varma seg, butikken kjem til å vera stengt. Varme klede, altså!  Men for eit par år sida ynskte musikarane seg  votter det gjekk an å spela med, så ille vert det ikkje i år, det er meldt 7 varmegrader.

God førjulstid, alle huglarar, sjølv med avstand til naboen!  Og takk til dei som held vedlike gode tradisjonar i desse corona-tider.