Viktig melding om drivstoff-fylling

Bensinpumpa på kaien

Anlegget for drivstoff-fylling på Nordhuglo er populært, særleg etter at me fekk pumper som tok bankkort.  Men tanken som ligg nedgravd i bedet bak bensinpumpa er gått ut på dato og må skiftast.  Den gamle skal gravast opp, og der kjem det ein større tank som er delt i to, ein del for bensin og ein for diesel.  Då vert dei gamle tankane oppå haugen overflødige – og dei skal fjernast.  Det vert installert nye pumper på kaia.

Her ligg den gamle tanken nedgravd.

 

Alt i alt er dette eit omfattande arbeide, som krev at det gamle anlegget vert satt ut av drift for ein periode.  Siste frist for tanking vert torsdag morgon – og då vert det full stopp, sjølv om det er mykje bensin igjen på tanken.  Førebels tar ein sikte på å starta det nye anlegget ca. 1. desember.  Arbeidet med å tøma og fjerna dei gamle tankane tar til ca. 20. november, men dette er ein separat jobb.

Så frå torsdag må bensin og diesel fyllast på (godkjente) kanner på Leirvik, dersom ein ikkje kan ta bilen eller båten med seg til ein open bensinstasjon.