Lørdag 7. september var det basar til inntekt for Vyborghjelpen som driv mange tiltak for trengande folk i Vyborg i Russland. Det var full sal med omkring 150 personar som møtte opp. På programmet stod song av både Fitjarmusikken og Edgar Paulsen. Tale vart held av Martha Paulsen, og ein fikk høyre om arbeidet til Vyborghjelpen.
Det var sjølvsagt åresal, mat og kaffe. I forkant av basaren var det selt ut heile 10 loddbøker til trekking under basaren. Ein velfortjent takk til alle engasjerte og ikkje minst til Vigliv som har stått i bresjen.