Som venta i desse corona-tider, vert det ein sers redusert offentleig feiring av nasjonaldagen på Huglo. Det er planlagt flaggheising på skulen kl. 11. Då spelar korpset og det vert tale for dagen. Etter det må all feiring gå føre seg i privat regi. Men sjølv med smittevern-avstand og begrensing av antal gjester kan ein laga til ein hyggeleg feiring. Der har huglarane god tradisjon,
huglo.no ynskjer alle ein strålande dag!