Er du litt usikker på korleis dette nye fungerer? Her skal me prøve å gje informasjon:
Har du brikke for passering på veg i bilen? Då kan du oppretta ny avtale for AutoPASS for ferje på internett: autopassferje.no.. I vårt distrikt kan (førebels)brikka berre nyttas som betalingsmiddel i sambandet Halhjem-Sandvikvåg og Mortavik-Artsvågen. Det “gamle” ferjekortet ditt kan her nyttast fram til 31.01. i år. Rekninga for forskuddsbetaling, kr. 3.500,-, får du anten på nett eller sendt i posten. Rekninga må vera betalt før 31.01. dersom du vil ha 50% rabatt utan opphald.
Dersom du har gyldig brikke, men ynskjer å betala med “gamalt” ferjekort denne månaden, må du kjøyra i manuelt felt eller sei frå til billettøren før brikken vert belasta.
Fram til 30.06. kan du, på dei andre sambanda i vårt distrikt, nytta det gamle ferjekortet. I god tid før kortet ditt er tomt, bør du ha bestilt AutoPASS ferjekort og ha betalt rekninga for dette, kr. 3.500,-, avdi avtala om 50% rabatt berre gjeld når forskuddsbeløpet er betalt.
AutoPass ferjekort bestiller du ved å fylla ut bestillingsskjema på internett, autopassferje.no. Her kan du oppretta “min side” og der følgja med på gjennomførte reiser, restsaldo og faktura.
Du kan få restbeløpet på kortet ditt utbetalt. For å få informasjon om dette, må du kontakta ferjesambandet ditt.
Lykke til!