Trass i surt og vått vær fann folk vegen til vaffeljern-utstillinga og mange, gode vafler servert i Omnshuset på Nordhuglo. Velkomstvaffelen vart steikt etter ein oppskrift på eit vaffeljern frå 1800-talet:
Eline orienterte om vaffeljernets historie frå 1700 talet og fram til våre dagar, ut frå mange fint laga jern i utstillinga.
Eline fortalde, her foran nokon av vaffeljerna frå 1800-talet
Det mest kuriøse jernet var nok det som vog 10 kilo og trong en til å arbeide med jernet og ein til å administrera vaffelrøra. Vår tids elektriske jern bleikna i samanligninga.
Vaffeljern frå 1700-talet
Både huglarar, hyttefolk og andre tilreisande åt vafler og koste seg. Mange hadde nok litt seinare middag i dag.