Mange nytta høve til å treffa kjensfolk og prata over gode kaker og kaffe på laurdag. Det er ikkje alltid nødvendig med underhaldning eller kulturelt innslag. Folk liker å ha tid til å høyra nytt både om godtfolk sin helse, planar om nybygg, fiske og alt anna som rører seg i nærmiljøet.
Huglo treng desse treffpunkta, det er godt at nokon tar initiativ til å gje folk høve til å møtast. Og som alltid viser hugladamene at dei kan baka!