“Alle” var der, og alle var blide og skryttet av både kaidagen og sjølvsagt veret.
Starten på Varden opp i sommervarme
Det var ikkje så mange som tidlegare som starta i “Varden opp”, men alle hadde grunn til å vera nøgd med eigen innsats i varmen og godveret. Og så vart det ny rekord: 13.59!! satt av Jørgen Austvik – som òg hadde den gamle rekorden på 14.28. Merk at Huglo Idrettslag legg vekt på at dette skal vera eit lavterskel-arrangement, med vekt på tur- og treningsglede, for både heilt utrente til godt trente. Så kanskje fleire mosjonistar tar turen neste år? Kanskje skulle det vera ein eigen glasse for mosjonistar, eller for gamlingar?
Kakene forberedes
I starten såg det ut til å verta svert mykje kaker og bollar, men etter at Rustne Menn frå Uskedalen var ferdige med både musikk og allsong, var det ikkje mykje att. Dei glade og gode musikkantane, som har vore på Huglo fleire gonger med litt varierande besetning,, vil ikkje ha honorar. Så i år fekk dei ein song om Uskedalen, som songaren umiddelbart vart invitert til å syngja på Uskedalen Ungdomslag sin årsfest i oktober.
Lykkehjulet gjorde nokre lukkelege, det kom fleire båtar som ville ta del i festen, og alle var nøgde og mette då dei fyrste regndropane falt – “da skjønte alle at nå var festen over”. For i år. Men det kjem nok fleire glade og hyggjelege dagar på Huglo.