Klenge-manet: Slik kan han sjå ut
Las du Sunnhordland onsdag 31. juli, om sjeldan brannmanet funne både på Sæbøstranda og i Dagfinnsvikjo? Fredag fann huglo.no sin korrespondent noko som likna i taren på Konvallholmen utanfor Hugla-vikjo, faktisk 4-5 eksemplarar.. Forskar Tone Falkenhaug ved Havforskningsinstituttet stadfest at dette antakeleg er den særs ubehagelege klengehydroiden, som ein reknar med har kome hit med ballastvatn med båt.
Tone Falkenberg vil ikkje råda folk frå å bada, berre en unngår enger av ålegras, som denne maneten klyngjer seg fast til i sjøen. Havforskningsinstituttet er interesserte i å karleggja forekomsten og spreiinga, og er takksame for bilete og observasjonar som kan sendast direkte til: https://havfunn.hi.no. Det er best å ta bilete mens maneten ligg i sjøen, seier Tone Falkenberg.