Meir enn 50 huglarar, godt over halve folketalet, trossa regn og vind og møtte opp for å opna verdas kortaste julegate. Då hadde Oddvar allereie i ein time prøvd å få skikkeleg fyr i omnen med altfor god trekk. Det så eit bel stygt ut for gløggen, men litt anna skulle skje før den.
![](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2018/12/IMG_5516.jpg)
Då alle lysa lyste som dei skulle, helt Per Egil ein liten, velfortent, tale for Wenche, som driv Huglabutikken AS så bra at den vart kåra til den beste nærbutikken i Hordaland, i konkurranse med ca. 40 andre småbutikkar!!
![](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2018/12/IMG_5526.jpg)
Så spela korpset, med kalde fingrar, kjente og kjære julesongar. Og endeleg vart det tid for gløggen, som var begynt å varmast og dei som kom sist, fekk den varmaste og beste.
![](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2018/12/IMG_5528.jpg)