Ordføraren må ha fått eit inntrykk av Huglo som ein varm, særs hyggeleg og fin plass, då han var invitert til Omshuset på kaffe og kringla for å møte huglarar, og verta påmint om at Huglo er ein bydel i Stord. I tilegg har huglarane andre ting dei er opptekne av, enn folk på Rommetveit og Sagvåg, t.eks.
Det huglarane aller helst ville snakka med orføraren om, var ferje, bro og standard på tilkomstveg. Med dei høgare ferjeprisane, er posten for ferjeavløysingsmidlar oppe i 200 mill. Kva med tilskott fra kommune og fylke til bro? Til det svara ordføraren at kommunalt tilskott konkurrerte med andre kommunale prosjekt, som til dømes skule, men at politikarene var positive til broa. Fylket kunne vera litt “treige”, men var med på laget. Tidsperspektivet var no bro til Huglo midt på 2020-talet, men forutsetninga var at reguleringa starta i løpet av kommande året.
Ferjeprisane har gått mykje opp, og stig meir. Ordføraren sa at politikarene tok dette opp i Samarbeidsutvalet på kvart einaste møte. Det er dyrt å bo på ei øy!
Om boligbygging: Ordføraren sa at “politikarene ynskte å bidra til ein positiv folketalsutvikling på Huglo”. Han sa seg einig i at Huglo måtte vera i ein serstilling i forhold til strandlov og strandsone(!). Bro vil gje heilt andre forutsetnader for boligbygging i framtida. Om kommunale tomter: Stord har gått bort frå store kommunale byggefelt, og private utbyggarar vil ikkje til Huglo p.g.a. dårleg inntening. Det er interesse for at SKE (Stord Kommunale Eigedomsselskap) vert gjort til eit utviklingsselskap, som skal arbeida med boligbygging og industribygg. Dette skal opp i kommunestyret i februar. Det er viktig å ha ein oppdatert, vedtatt kommuneplan for heile kommunen.
Status for rehabilitering av Tongjakaien? Ordføraren måtte undersøkja dette.
For at politikarane vert meir merksame på bydelen Huglo, vart det foreslått at både Samarbeidsrådet, Formannskapet og Plan- og utviklingskomitéen kunne leggja møte til Omnshuset på Huglo.
Og så var det kringle og kaffe!!