VON – 17.mai 1932

Nr7         Tysdag 17de mai 1932         12årg

No har me den syttende mai. Der er altid den same glea med den 17de. Både store og små gled seg til denne dagen, fridomsdagen vår, som me normenn hadde venta so lenge paa. Etter ein lang og lkald vinter kjem maidagen, ljos og blid, naturi er vakna til liv att. Når flagi smell i vinnen med dei vene fargane sine, so kjenner me at me har eit fedreland, eit land som er fagert og som det er verdt å ofra noko paa. Lat ikkje dei røyster som seier at me ikkje har noko fedreland få rom i hjarta vårt, lat heller ikkje dei som seier at nasjonaldagen er vorten verdilaus og gamaldags faa noko medhald. So lenge det er eit fridomselskande folk i landet vårt, må me verna um den 17de mai. Det som Herik Wergeland so trottigt arbeide fram, må haldast uppe. Her kan ungdomslagi gjera mykje. Kor gildt er det ikkje å kunna samlast her i kveld i huset vårt, samlast å høgtida nasjonaldagen, minnast det som forfedrane våre gjore på Eidsvoll i 1814, deire arbeid er ikkje vorte det minste ringare for det som hende den 7de juni 1905. Lat oss taka upp ordtøke deira, og gjeva kvar andre handi å seia det same som dei. Enig og tro til Dovre falder. Når me no for fyrste gong skal halda 17de mai fest i eige hus, so lat os vera samde om den ting, at me då høgtidar degen degen paa ein verdig og sømeleg måte, lat oss ikkje fara soleis fram at me treng sjemmast. Lat festen verta det den hev krav på å vera, ein feststund både for unge og aldre.

Flagget

Du såg stundom flagget i stilla. Det tek slakt ned. So såg du det i storm – sterkt levande. Det smell i det som av sterke svipeslag. Det streid som gjaldt det å vinna yver ein sterk motmann. Eller var det kan henda gleda yver det friske liv i storm.

Det er tenkjande helst det siste. Då kunde du stå og sjå på det i lange stunder. Det var verkeleg lese og lækjedom å strira inn i dette sterke liv i storm, storm som ikkje gav tåe, storm som retta kvar rukka og let krossen lysa. Det var eit syn som kveigte viljen og gjorde ein sterk. Du skyna so vel at flagget var skapt for storm. Stongo bar det uppe, men stormen gav det liv. Og du såg det lysande på den mest berrsynte stad i tunet, der det teikna seg av mot bratte, skogtunge lider, gråsterke fjell og snøkvite bredar. Og som det stod der i stormen, fyllt av liv, tolka det din elsk til desse fjell, desse lider og desse vollar, som fedrane vigde til heimen aat seg. Då seigna du folket si heile saga, her såg du det samla og sterkt. Og her stod du dor kravi som flagget stilla deg, um å ofra di tid og di kraft til garden dei snudde og heimen dei bygde. Og kravet var sterkt som dei altid er frå feder til born. Svik du det so svik du ætti, so svik du deg sjølv og vert ein sotlaus mann alle dagar. Mannen la jamt heile sitt liv i flagget. Det fylgde honom i strid, det fylgde honom i fred. Når herane stod samla, svinga flagget yver dei,  og augo stirde upp, og hjarto lova truskap når dei såg sitt samlingsmerke. Det var som tala stilltegjamde med ein god ven som skyna dei. Det var som ei røyst frå framfarne tider som la framridsansvaret yver dei, ansvaret for komande ætter og tider. Og ho krov med den magt som ligg i det uundgåelige, offeret det største av alle. Og mennene let blodet flyta. Og flagget såg det, og bar vitnemål um offeret frå ætt til ætt og mana til truskap mot Gud og Fader. Men flagget såg no helst glade dagar likevell, når det svinga yver heimen i fredlege tider. Det small i storm av elsk og sterk framtidsvilje når dei tvo flutte heim til sin eigen heim, vonrik og gild, dei tvo. Og dei gjekk til tops og tolka heimgleda når barnet vart helga under høye kvelv og fekk attarmanet til eiga og Guds namn, det trøstefulle og miskunsame for mannen med dei mange synder. Og kvar fest og kvar høgtid for flagget upp. Det lyste yver kvite snø, og stod som blom i Norigs fagre sumarbunad. Det var storm av helg og flagget fek liv. For flagget vil ha storm skal det liva. Og Norig i naud skal sanna det greit at flagget og det er eitt.

Ja i dag har me den syttande mai, den nasjonale festdagen vår. I dag feirar ungdommen på Huglo for fyrste gong syttandemaifest i eige hus. Det er ikkje kvart år det har vore 17de maifest her paa Huglo, og det trur eg husspursmåle har vore mykje skuld i. Det vart no alikevel ikkje den hugnad av ein fest um du reiste til grannebygdi, som det vart i di eigi heimbygd. Lat oss difor vera byrge av huset vårt og halda det i agt og æra. Lat oss syna at dei ikkje fer rett desse som set heime og kretisera ungdomen, og segjer at han er vorten so mykje galanare no etter dei fekk seg eige hus. Derfor segjer me: eit leve ”fjellheim” og ungdomen på Huglo.

Bladstyrar

Torvald Lunde