18. september: Viktig informasjon

Huglo Bygdalag arrangerer brann- og redningsdag på Huglo 18. september.

Stord Brann og redningseining kjem til skulen kl. 10.00 – 12.00.  Det vert informasjon om brann og førebyggande arbeide i gymsalen, og her  vert det høve til å stilla spørsmål.  Etterpå vert det mogleg å prøva forskjellige midlar for brannsløkking på skuleplassen – for dei som ynskjer det.

Eit fint høve til å forbereia seg til noko me vonar ikkje vil skje, men som erfaring seier at me godt kan få bruk for.