PRESSEMELDING
Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 1. november blir det landsomfattande aksjonsdag for lokal handel på Huglabutikken AS
«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar.
Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter
og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.
– Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.
200 butikkar over heile Noreg deltar i kampanjen for lokal handel. Aksjonen har fått støtte frå Norges Bygdekvinnelag og Norges Bygdeungdomslag, som også er opptatt av levande bygdesamfunn.
Alle som kjem innom lokalbutikken i dagane før aksjonsdagen, vil få utdelt ein flyer med takk for at dei har handla i sitt eige lokalsamfunn. Dei vil også få ein invitasjon til aksjonsdagen.
Laurdag 1 november vil Huglabutikken servere gratis kaffi, marsipankake, brus og is til kundane. På denne måten ynskjer butikken å setje pris på kundane sine. I tillegg vert det butikk-quiz med premiar.
– Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gje eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde oppe levande lokalsamfunn. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur.
Kontaktpersonar:
Wenche Taranger, dagleg leiar i Huglabutikken AS tlf. 92445863
Per Kjetil Jørgensen, kommunikasjonsrådgivar Merkur tlf. 47 34 44 87