Her er ein familie som bygde seg hus på Huglo utan byggeløyve! Og ingen oppdaga bygginga før ungane børja skrika etter mat. Då synte det seg at det var lettare å få tilgjeving enn løyve. Løyvet er riktinok tidsbegrensa, bygget vert nok dømt til riving når ungane flyttar heimefrå. Så det er ikkje ein måte ein kan anbefala dei som vil byggja seg eit meir permanent husvære, nei. Dei må nok retta seg etter byråkratane sine reglar. Og det ennå lokalpolitikarane har sagt at ein ynskjer seg fleire fastbuande på Huglo – især slike som skaffar ungar som skrik etter barnehage og skule (mat får ein tru dei slepp å skrika etter, på Huglo bør politikarane gje folk løyve til å ha jord nok til litt poteter og kål, og eit båtfeste så foreldra kan dra litt fisk til middag).
Med nyleg handsama byggesakar i minnet: Kor er logikken?
Del dette innlegget
..byråkrater og boligbygging…rister jeg mer på hodet nå, så får jeg hjernerystelse..
Hedvig,send denne beskrivende fuglehistorien til Sunnhordland!