Går du tur i Brandvikelia, kan du støta på ei samling gjerdepålar og noko grøn netting eit godt stykkje inne på stien. Kven er det som byggjer gjerde her inne? Etter at eg trefte ei dame i kjeledress og med trillebår der inne, kom løysinga: Det skal drivast forskning i eit verna område, og her på austsida av Huglo, i kalkbeltet, vil Statens naturvern forska på barlind: Kvifor er boniteten/gjenveksten av barlind så dårleg? Barlinda var jo nettopp ein av årsaka til at området vart verna. Difor har dei merkt nokon små barlindplanter utan å verna dei, og så har dei bygd “binge” rundt nokon små planter som vern mot hjorten. Spørsmålet dei ynskjer svar på, er om det er lus/biller el.l. som øydelegg småplantene, eller om det er hjorten som et dei opp. Barlind er jo rekna som sers giftig for beitedyr, men det ser ut til at hjorten kan eta store mengder utan å ta skade. Hadde Statens naturvern spurt røynde huglarar, hadde nok hjorten fått omtrent 100% av stemmene, eller . . . ?
huglo.no er lova meir informasjon etter kvart.
Dersom det blir observert fleire forskarar, så kanskje nokon kan seie til dei at ein mogleik er attgroing av skogen. Før gjekk det dyr på beite der og barlindskogen var fin, så vart det forbode og anna vegitasjon vaks opp og tok næring og lys. Berre ein tanke som dukka opp på ein mørk vinterkveld…