Søndag 21.november var det korpsbasar i gymsalen på Huglo. Mange musikantar var spente på å halda konsert, dei hadde jo vore og øvt heile laurdagen. For dirigenten Thea var det fyrste gang ho leia eit korps på konsert, noko ho gjennomførte med glans!
Gymsalen fylltes opp då klokka nærma seg tre. Unge og gamle benka seg rundt borda for å høyra korpset spela, men og for å prøva vinnarlykka. Det var mange fine gevinstar og mange glade vinnarar.