Førebyggja brann: Komfyren
Tørrkoking, tørrsteiking, og overoppheiting av olje/smult/matfett er årsaka til minst ein av 10 bustadbrannar. Ringar telefonen medan du lagar mat, eller vert du avbroten av anna, slå av kokeplata! Forlat aldri bustaden utan å forsikra deg om at komfyren er slått av. Fettfilteret i ventilatoren over komfyren må gjerast rein jamnleg – oppsamla fett kan ta fyr dersom varmen frå komfyren vert for sterk.
For dei gløymske finnst det hjelpemiddel som kan hindra brann på komfyren. Ein alarm kan varsla dersom varmen på komfyren vert for høg, mens ein komfyrvakt bryt straumen automatisk anten når temperaturen vert for høg, eller etter innstilt tid. Hjelpemiddelsentralen låner ut slikt utstyr gratis til dei som kan dokumentera at dei treng dette utstyret, t.d. eldre som kanskje er “gløymske” eller kan sovna mens kaffien kokar.