Brukthandel på Fabrikken2015

Har du noko gamalt?
–noko fint eller rart?
–noko du ikkje treng lenger som gjerne andre kan ha lyst på?!

-Ikkje kast det! Gje det til oss!

Mykje på lager!
Mykje på lager!

Under Fabrikken 24. – 25. juli ynskjer me å ha ein liten og triveleg brukthandel på lageret. Her vil vera heimakoseleg steming og mogleg å gjera eit skikkeleg kupp.

Men… for at me skal få til dette, treng me sjølvsagt varer.

 

Send ein sms til nr 47750168 eller send ein mail til oyvind@fabrikkfest.no
om du har gamle møbler, lamper, klede, bestikk, rammer, puter og liknande.

Me vil koma rundt og henta det me treng i sommar – så ikkje kast alt enda, vent til me har kikka på det – slik kan tinga dine gjerne får ein ny vår!

-Fabrikkstyret-