Ryddedagen

Søppeldagen 1_edited-1Alt var som det “alltid” har vore:  Utrulege mengder saker og ting som kjem fram frå loft og kjellar, som me eigare ikkje ser oss mon i lenger.  Og det er tydeleg behov for ein slik dag:  Berre bilen med problemafall hadde 10,5 tonn last då han forlot Huglo, bilbatteriane åleine vog eit tonn (bilen er utrusta med digital vekt som registrerer lasta etter kvart, utruleg kor allsidig data kan nyttast!)  Det aller minst brukbare som havna i søpla denne laurdagen var kanskje trillebåra som eigaren måtte bera fram til containaren – ein trillebår som ikkje kan trillast er særs mogen for skraphaugen!