I helga arrangerte Huglo Bygdekvinnelag kurs i plantefarging, med Vigdis Vatna frå Stord Husflidslag som kursleiar. Planter og lav har blitt samla inn i heile sommar til formålet. Seks deltakarar fekk dei eine fargeopplevinga etter den andre, og begeistringa steig i takt med antall ferdig farga garnhesplar som vart hengt til tørk. Stemninga var på topp gjennom heile helga, og interessa for å fortsetje med å farge garn er stor. Tusen takk til Vigdis for eit inspirerande og veldig kjekt kurs!