Kakene var nok ikkje heilt så mange som dei på biletet, men 9 huglarar + 2 arbeidande damer var samla i skulestova til eldretreff 14. januar. Og det er jo over 10% av befolkninga på Huglo. Det var litt kulturelt program, men mest god drøs og god kaffe. Skulestova kan med fordel gjerast mindre “skulestoveaktig” og noko varmare i innreiinga, så det vart avtala at til neste treff skulle dei som hadde, ta med gamle skulebilete som kan forstørrast og hengjast opp. (Bygdekvinnelaget arbeidar med planar om male- og gardindugnad i samarbeide med Bygdalaget).
Det vart vedteke at alle betaler kr. 50 pr person pr gang, og overskotet nyttast i fyrste omgang til forstørring og innramming av bileta.
Møtedag vart diskutert og bestemt til 2.onsdag i kvar månad. Neste treff vert 12.februar.