Årsmøte i bygdalaget

Litt i overkant av 20 personar stilte på bygdalaget sitt årsmøte. Avtroppande leiar Sigurd leia møtet, og presenterte kva styret i bygdalaget har arbeidd med siste året. Njål, avtroppande kasserar, gjekk gjennom rekneskapen, og Nils Olav som har vore leiar i driftsstyret fortalde kva dei har jobba med.

Takk til Njål og Sigurd som no går ut, og som har lagt ned mykje godt arbeid i perioden sin!

Sjølvsagt var det kaffi og mat på programmet, og Eva sørga for eit fantastisk og freistande utval av bakevarer.

Det nye styret vart presentert av Erik, som har vore i valnemnda, og ser no slik ut:

Styret i Huglo bygdalag:
Endre Caldwell (leiar)
Hege Elin Haukanes
Eva Grov
Kathrine Huglen
Janne Eikeland
Alf Einar Notland (1. vara)
Kristian Harnes (2. vara)

Driftsstyret (driftsstyret konstituerar seg sjølve):
Nils Olav
Albert Eikeland
Eva Grov
Nils Elde (1. vara)
Elin K. Haukanes (2. vara)

Revisor:
Hedvig Flornes