1. Ferjestø på Nord Huglo vart bygd i 1967.
2. Fjellheim blei bygd i 1931.
3. Sjønhammer er 112,66 moh.
4. Mjølkebilen havna i Løkjen i 1973.
5. Huglo Skulekorps vart danna i 1974.
6. Huglo fekk eige brannvesen i 1975.
7. Bedehuset vart bygd i 1911.
8. Koren i bedehuset vart innvigd i 1937.
9. Møbelfabrikken flytta frå Tveitevågen i 1964.
10.Bokbåten vitjar Huglo to gongar i året.
11. I 1960 var det ca. 220 innbyggjarar.
12. Johannes Nordtveit køyrde den fyrste bussruta på Huglo.
13. Futastova blei flytta til museet på Leirvik i 1946.
14. I dag, 2010, er det 9 “saugabønde” på Huglo.
15. Den fyrste bilen på Huglo tilhøyrde Arne Sørli.
16. Gymsalen vart bygd i 1982.
17. Brannstasjonen stod tidlegare i Sagvåg.
18. I 1995 var det 16 ungar i alderen 0-16 år som budde i byggefeltet Skarvane.
19. Den noverande skulen vart bygd i 1953.
20. Småskulen haldt til i bedehuset under bygginga av den noverande skulen.
21. Den fyrste traktoren på Huglo var eigd av Ole Rydland.
22. Under 2.verdskrig var det tre radioer skjult på øya.
23. Det er 9,6 km asfaltert veg på Huglo.
24. I 2005 var fyrste gang det var julegudsteneste på julafta.
Ynskjer alle ei fin julahelg :-)