Fisketur ein stad på fjorden

a href=”https://huglo.no/wp-content/uploads/2010/01/P11505481-Fisketur.jpg”>Tekst og foto: Arne Sortland

Det var nymåne og Harry tipsa meg ein dag om at det var mykje storsei å få. Dagen etter såg eg utpå. Det bles frisk austavind og det var fleire kuldegrader. Eg visste kva det tydde, men som diktaren skriv. ”Der leika det fisk nedi havet og den leiken den ville han sjå”

Eg ville freista, kledde meg godt og drog til sjøs. Starta godt med varmluft og sette kursen. Etter ei lita stund varsla GPS en at eg var framme på meet. Det var ingen andre båtar å sjå i dag.

Ut på dekk la eg merke til at sjøskvett på dollbordet hadde frose til is. Eg fekk ut snøret med dei fem makkane av sjøvaldt farge og storleik. På grunn av noko slingring var det vanskeleg å kontrollera om snøret gjekk ut, eller om det var tilslag. Andøva var også litt vanskeleg, så eg måtte gå sakte i ring. Eg fata snellesveiva då der var ute ca 180 meter. Kjende det var tungt, men konstaterte snart at det ikkje var botn. Det kom oppover, og etter ei stund kunne eg kleppa inn 3 fine fiskar.

Utan at fiskane laga for mykje trøbbel på dekk fekk eg lodd og makkar uti att. Gjekk litt meir opp i meet og let snørret gå mot botnen igjen. Måtte også no fata snellesveiva då eg meinte snøre var kome passeleg ned. Tungt var det, og tyngre blei det. Til slutt såg eg fiskane fløyta opp bortover sjøen. Fire stykker fekk eg kleppa inn.

Eg tenkte på ho heime som hadde snakka om fulle fryseboksar og ikkje plass til julematen, såg på alle fiskane eg hadde fått og på isen på dollbordet. Eg gav pådrag og sette kursen heimover med det same. På mindre enn eit kvarter hadde eg halt opp sju store seiar. Eg vog ein, den var 8 kilo. Julemat skulle det no ikkje nett skorta på.

Dagen etter var fiskane både salta, røykte og fordelte. Sjølve meska me oss men finfin seirogn.

Fleire gode fiskehistorier? Fortel, fortel . . . .