Etter ein periode med mykje nedetid, er huglo.no endeleg tilbake på nettet. Det har blitt gjort ein god del forandringar på sida, både synege og usynlege, og det jobbes stadig med å forbetre den og dine brukaropplevingar.
Når du klikkar deg gjennom menyane, vil du sjå at det er mykje tomrom som no skal fyllast opp. I den anledning treng radaksjonen hjelp. Og spørsmålet vårt er derfor følgjande: Vil du bidra til å gjere huglo.no til norges beste nettside?
Så bra! Vi har oppretta ei epost-adresse til dette dugnadsprosjektet, og håper den vil bli brukt flittig i framtida: post@huglo.no
Så til saka: Redaksjonen treng som sagt hjelp med å fylle opp huglo.no. Her trengs det både bilder, tekst, ris, ros og andre gode idéar. Men for at det ikkje skal bli eit stort kaos, har vi laga ei liste over oppgaver som dere kan hjelpe oss å fullføre. Men først litt praktisk info:
- Lista vil bli oppdatert etter kvart som ting dukkar opp.
- For å unngå at fleire jobbar på samme oppgåve, kan det være lurt å skrive i kommentarfeltet under kva oppgave du jobbar med, eller sende oss ein epost.
- Unngå å legge bilder inn i tekst-dokumentet når du skal sende det til oss. Send bilder som vedlegg.
Redaksjonens ønskeliste:
- Bilder. Vi er intressert i gode bilder både frå dagliglivet, turar, festligheter og arrangementer så vel som naturbilder, historiske og gamle bilder, bilder frå sjøen og bilder frå andre hendingar på øya. Unngå gjerne bilder under 600 x 800 pixlar.
- Arrangementer. Vi ynskjer at huglo.no skal være oppdatert på alt som skjer på øya. Det er derfor viktig at du sender inn informasjon rundt turar, treningar, møter, festivitetar eller andre arrangementer du har innsikt i, slik at vi kan publisere det i kalenderen.
- livOGlyst. Kan kvart team skrive litt om kven dei er og kva dei arbeidar med?
- Tekst. Både under turisme, om huglo og bu på huglo er det fleire sider som treng tekst. Her er det ynskjeleg at dei som har kjennskap, tilknyttning, eller informasjon rundt dei enkelte temaene, kan skrive nokre ord, og sende det til oss. Dette er muligens den største oppgava, så motiver gjerne kvarandre til å skrive noko.
- Kontaktpersonar. På mange av sidene treng vi kontaktpersonar som kan være tilgjengelige på telefon eller epost dersom det skulle være spørsmål frå lesarar. Dette gjeld spesielt på sidene om overnatting, butikk og servering, samtlige aktivitetar, lag og organisasjonar, skule og barnehage, bibliotek, utleige og sal av hytter/hus/tomter og alle livOGlyst-team.
Vi er svært takknemlige for alle bidrag som kjem inn til dette ambisiøse dugnadsprosjektet. Og håpar huglo.no vil være til glede og trivsel i framtida.