Ute regnar det og bles kaldt, men inne i Turid og Alf Einar Notland sitt vesle bakstehus på Fredheim Gard, er det godt og varmt ein oktoberdag. Her blir da bakt bollar og brød i lange banar.
Det er godt å vera to til eit slikt prosjekt. Turid har laga heile fira forskjellige deigar som blir til kveitebollar, fint brød, grovt brød og brød med epler og rosiner.

Brødemna blir elta på det store bordet
Alf Einar er fyrmester og har fyrt i omnen i fira timar for å få rett temperatur. Når brøda er klare til å steikjast, blir glørne skrapt ut av omnen, og etterpå vaskar ein omnen fri for sot med ei stor brakagrein dyppa i vatn. Med den lange steikespaden blir brøda plassert eit om gangen inn i omnen. Det er plass til omtrent tjue brød.
Etter 40 minutt duftar det himmelsk og brøda er klare til å takast ut. Så er det berre å finna fram brødkniven, godt smør og kvitost, for etter mange timar med baking må ein smaka på herligheten med ein gang. Me blei alle mette, og er det nokon som har lyst på nysteikt brød a la Turid og Alf Einar, er det anledning til å kjøpa på Huglamessa no på laurdag i skulen.
Høyrest kjempegodt ut. Eg vil kjøpa.
Kan ein få eit nybakt brød sendt over fjellet til hovudstaden også?
Ja, send to. Og gjerne nokre bollar også! :)
Dette så veldig flott ut,nesten som jeg kjente duften av nybakte brød og boller inn i stua på Nordli.
Vi gleder oss til lørdag!
Veldig fint innlegg med flotte bilder Hege!
Er så heldig å ha smakt på baksten, og det var kjempegodt! Brødet med eple,anis og rosiner må prøves med brunost på. Du får det travelt til messa Turid :) Og Hege, jeg er enig med Willy :)
Eg og vil ha. Du får sende nokre i posten til meg!!
Eg skulle hatt noko eg også.