Dugnadsdugleik

Super innsats av store, små, fastbuande og hyttefolk på laurdagens dugnad! Bygging av lekestativ i vårsol og godt med mat og drikke gjorde  laurdagen til ein sosial og produktiv dag. Det blei også jobba med ny gangveg opp til bygdehuset. Mykje nytt og spennande i bygdehuset om dagen!  

Detaljar

Sers populært tiltak

Sjølv i gråvær er pizza og quiz utandørs tiltrekkande.  15 fastbuande og ca 120 hyttefolk var samla utafor Huglabutikken onsdag kveld, både for litt konkurranse, pizza og helst for å treffa folk. Initiativtakarane visste kva dei kunne ha i vente frå vergudane, så det var sattt opp “telttak” – og det kom godt med . …

Detaljar

Bedehusbasaren

Basaren i Bedehuset Palmelaurdag var som vanleg godt besøkt og med gode kaker og masse gevinstar. Resultatet ble totalt kr 45.000! Bedehusstyret har planar om å bygga på ein ny inngang til “peisestua” med handycaptoalett.  Pengane kjem vel med! Takk til alle basargjestane!

Detaljar

Årsberetning Huglo Bygdalag for 2025

Styresamansetjing Leiar Øystein Huglen Kaserar Stian Helland Skrivar Njaal Rune Sortland Styremedlem Kjersti Aasheim Styremedlem Birger Bauge Varamedlem Eva Grov Varamedlem Håkon Brandvik   Det har vore 6 styremøter   Eigedommar Tomta i Samsonshagen er no seld for kr. 400000 Styret har valgt å gå bort frå dei opprinnelege planane vedr . toalett/dusj i andre…

Detaljar

Basar Palmelørdag

For mange er basaren i Bedehuset kl 15 Palmelørdag den tradisjonelle starten på påskeveka.  Her plar det vera sers fullt hus! I år er det Kari Bolette Lundal som held andakt. Og som alltid er her god mat og kaffi og mange flotte gevinstar! Hjarteleg velkomen til alle!

Detaljar

Reke på flaske

Har du høyrt om Defi og Dolfy? NRK radio sin lydbokserie for barn handlar om delfinane Delfi og Dolfy. Dei kjem frå Havpatruljen er på tur langs norskekysten, fra nord til sør, for å gjøre sjøen reinare og tryggare. I episoden “reke på flaske” reiser dei til Huglo for å hjelpe ei reke som er…

Detaljar

Eldretreff

Det vert Eldretreff 11.mars i Bygdahuset kl 15 – 17. Me får besøk av kommuneoverlegen i Stord Linda Hammersland og leiar for komité for helse, omsorg og rehabilitering Anne Karin Fossdal. Dei vil orientera om Stord sine kommunale tenester og Stord sine tilbud til eldre. Det er satt av god tid til spørsmål og samtale.…

Detaljar

Eldretreff

huglo.no sin redaktør ynskjer alle som nyttar denne sida, eit godt år med god helse og mange glade dagar! Her kjem ein glede:  Det vert Eldretreff onsdag 14.januar kl 15- 17 Ikkje noko spesielt programdenne gongen, for me må vera budd på ei avlysning på kort varsel, avhengig av ver og føre.  God tid til…

Detaljar

Julekonserten

Dei samarbeidende korpsene for Tysnes og Huglo fylde gymsalen i Bygdahuset med før-jul musikk, med eit variert repertoar.  Overrasking var et fint, langt Lucia-tog (så mange fine barn!) som serverte lussekatter og song Lucia songen. Etterpå var det, på god huglatradisjon, kaffe , fleire lussekatter og gode kaker, og så utlodning. Arrangementet hadde nok fortent…

Detaljar