1. november var vår kjære Wenche tilbake i Huglabutikken. Huglo.no”s utsende medarbeidar har snakka med henne om butikken og framtida.
– Me veit at du tok eit tungt val og gjekk frå ein sikker jobb tilbake til butikken på Huglo. Kva var det som veigde tyngst for deg i valet?
– “Eg er engasjert i Huglo. Skal me satse på ei framtid for samfunnet her, må alle gjera ein innsats. Eg trur eg ville hatt dårleg samvet om me no hadde stengt butikken for godt, som vel var alternativet. Her har eg dessutan moglegheit for å regulera eigen arbeidstid og ha kort veg til jobben.”
– Trur du det er ein fordel å vera “gamal” huglar sjølv når du skal driva denne nærbutikken?
– ” Ja, så absolutt. Det er jo få kundar, og eg kjenner vanane deira og årsrytmen på Huglo, når det er lite aktivitet og når det er mykje folk her. Eg vet nesten kva folk et til middag.”
– Tør du prøva nye varer?
– ”Ja. Og då tenkjer eg særlig på kjøtvarer frå Åkra – det vert jo ”kortreist mat”, og det er gode varer. Men det er ikkje heilt opp til meg, kjeden krev eit visst grunnsortiment. Butikken betaler ei avgift til kjeden, og kjøper me ikkje derfrå, får me ikkje noko igjen frå avgifta, t.d. rabattar. Det vert ein balansegang mellom det folk vil ha og det kjeden har å by på. Mellom anna spelar det inn kor store kvanta me kan ta inn – og kva me må ta.”
– Korleis vil du presentera nye varer?
– ”Plakat i butikken, helst, førebels har eg ikkje tid til rundskriv i postkassane. Kanskje smaksprøvar, når det høver. Og så må kundane spørra etter det dei vil ha, kanskje kan me byta ut ein vare med ein ny?”
– Har du planar for butikken framover, noko du har lyst til å gjera?
– ”Ja, det har eg, men det vil eg ikkje snakka høgt om førebels. No må eg fyrst få butikken slik eg vil ha han. Og så må me ha litt spenning og nytt, særleg om sumaren. Kanskje kan me få til noko som får fleire av båtfolket til å koma til Huglo. Det gjeld å få eit rykte ut om at Huglo er trivselsøya!”
– Huglo.no takkar Wenche og ynskjer lukke til. No er det opp til huglarane om butikken skal overleva og vera ikkje berre butikk der ein kan få daglegvarer, men óg ein positiv faktor i miljøet – ein stad å møtast – og sårt trengte arbeidsplassar.