Er restane frå i går akkurat litt for lite til ein heil middag? Kjem det av og til ein overraskanda ekstra gjest til middag? Då er det greit å laga ei suppe til forrett av ting du har i huset. Gulrotsuppa med ingefær er alltid populært! Du tar ei stor gulrot pr spisegjest, kokar i så mykje vatn som akkurat dekkar røtene – eller ca 1 1/2 dl vatn pr person med litt buljongpulver. Ha vatn og kokte røter i foodprosessor eller hurtigmixer og kjøyr til purre saman med ein klatt smør. Ha tilbake i gryta, hell oppi ein slump appelsinjuice og så prikken over i-en: Riv ei passende mengd ingefærrot oppi suppa og varm opp. Ved servering ausar du opp i kvar tallerken, har i ei spiseskjei rømme og har du ei urtepotte på kjøkenet, kan du pynta med eit grønt blad.
Ei ingefærrot høyrer heime i alle kjøleskap! Kva er i fiskegryte utan eit par rivjerntak med ingefær?