Haustmøte i Huglo Bygdalag

Møtet var på skulen og vart leia av formannen i Bygdalaget, Endre. 14 huglarar møtte.

Bygalaget har sidan forrige møte arbeidd med

  • Nye ferjeruter
  • SIM og alternativ til den tidlegare ryddedagen
  • Veglys
  • Fiber
  • Fastlandssambandet
  • Skulebygget

Kan me få i gang ein fritidsaktivitet som mange kan ha glede av på Huglo?  Mads foreslo på eige initiativ at han kunne lera frå seg sjakk på alle nivå.  Bygdalaget tar ansvar for å kalla inn dei interesserte til eit infirmasjonsmøte.

Eldretreffet vart etterlyst.  Bygdalaget må finna ein person som kan vera ansvarleg for å halda dette tiltaket i gang.

Huglo Bygdekvinnelag fekk ros for kaféene sine.  Kan dei utvida til minst to ganger i halvåret?

Det vart foreslått at ein kunne knytta aktivitetar til biblioteket, samling med høgtlesing t.d.

Kan ein få til å arrangera fleire kurs på skulen?  Trearbeide vart foreslått, her har Huglo gode eigne krefter.

Om postane Bygdalaget har arbeid med:

Fjord 1 overtar ferjeruta fra 1.januar.  Bygdalaget har ennå ikkje fått formellbekrefting på nye ruter, men førebels ser ruta frå Huglo slik ut (Ruter rett til Jektevik er merkt med stjerne):

05.45,   7.15*,   9.10*,  11.20,   12.25,  14.45,   16.15*,  17,35*,   19.00*,   21.00, dei seinare ferjene vart ikkje nemt.

Ferjene til Huglo var ikkje heilt setla ennå.  12-ferja som kjem med varer til butikken, må koma frå Hodnanes for at ruta vidare kan haldast.  Forhandlingane om korresponderande busser er framleis i gang.  Alle forhandlingar går, uvisst kvifor, via kommunen i standen for direkte med fylket/Skyss, noko som gjer prosessen tungvindt og forseinka.

SIM har no ein fastpris på kr. 4.900 pr konteiner og oppdrag må bestillast.  Endre etterspør konteiner for farleg avfall – det har dei på Vikjo.

Veglys må søkjast om og begrunnast, t.d. med at vegen er skuleveg.

Fiber til dei som ikkje har:  Meir purring etter at kommunebudsjettet er ferdig.  Avhenger av kommunen si prioritering.

Fastlandssambandet: Lite framdrift frå Stord kommune si side.  Ingenting skjer før budsjettet er klart.  Det vart sagt at faren er at Huglo avfolkes før brua kommer.  På møtet kom det frå fleire hald oppmoding til formannen for Bygdalaget om å halde presset mot kommunen oppe.

Det vart gjort ein del med skulen i sommer.  Albert takka dei som møtte på dugnad.  Nå gjenstår det berre ein vegg å mala.  Kostnader og vedlikehald skal holdes i balanse.  Huglo får kr. 50.000 frå kommunen i året til skulebygget, og i år også kr 25.000 frå Sparebanken, og litt inntekt på utleige.  Ved store kostnader til vedlikehald må det søkjast om tilleggsbevilling.

hulo.no vil rette ein takk til styret i Bygdalaget for arbeidet dei legg for Huglo og huglarane!!