Laurdag 30. oktober var det klart for den årlege havrettsafta i ungdomshuset på Huglo. I år var det litt ekstra stas, sidan det er 30. gongen Huglo ungdomslag arrangerer festen. Ca. 130 personar møtte opp til ein hyggeleg kveld med nydeleg sjømat, dans og “levande” musikk.
Maten var som vanleg kjempegod, og det vart mykje skryt frå gjestane. Til forrett var det brød med nuenrøre og hovudretten besto av kvalgryte med potetstappe. Til hovudretten fekk u-laget god hjelp av Albert Eikeland, Lars og Sissel Haukanes. Etter det vart koldtbord-rettane bert ut frå kjøkenet, og det var alt i frå krabbe og kongekrabbe, røykjelaks, frityrsteikt akkar og reker til diverse salatar, silderettar, pai og grillspyd med grønsaker og laks. “Dette er første gongen me må utvide koldtbordet!” sa Hilde Eikeland då dei måtte sette opp enda eit bord for å få plass til all den gode maten.
Det ligg svært mykje arbeid bak for å arrangere ein så vellykka fest, og ungdommane har jobba mange timar dugnad med planlegging, bestilling av varer, matlaging, pynting og pådekking av bord, og alle andre detaljar som må til for å få til eit så feilfritt arrangement. Ungdomslaget retta også ei takk til alle andre som hadde bidratt! Dei som jobba var svært positive, og alle ville hjelpe til! Godt jobba :) !