Erik Willgohs fekk sist fredag Anton Mindes Ærespris for “framifrå gardsdrift”. Prisen vart delt ut under ein middag med 300 deltakarar på konferansen Agro Hordaland.
Huglo.no gratulerar på vegne av alle stolte huglarar! Garden til Erik vert omtala som særs velstelt, noko me alle har sett og kan skriva under på, både i Erik sin periode, men óg då forrige generasjon dreiv. Dyrestellet til Erik er “godt, med fokus på dyrevelferd og god fóring”. All velfortent ros til Erik kan ein lesa på nettsida til Fylkesmannen i Hordaland, eller her.
Erik er oppteken av garden sin, og fortel gjerne om drifta til interesserte. Visste du t.d. at kyr mjølker 10 månader og har 2 månaders “mjølkeferie” før kalving? Når denne ferien nærmar seg, forandrar smaken på mjølka seg, og ikkje ein gong kattane til Erik vil drikke den mjølka. To vakre svart-kvite mjauande mjølkekontrollørar fekk teste mjølk frå kvar ku då huglo.no var innom i fjostida (sjå bilete).
Gratulerer Erik, vel fortjent :)
Gratulera Erik! Vel fortjent!
Erik = Hordlands beste bonde, Hordaland = Norges beste fylke, Norge = verdas beste land
Konklusjon: Me kjenner verdas beste bonde :-)
Gratulerer, Erik!
Dette er så vel fortjent. Fikk vite om det litt i forveien, og jeg er virkelig stolt på dine vegne.
Det er mange som ikke lykkes innen bondeyrket i dag med all effektiviseringskravene. Dyktighet, god orden på alle felt og trivsel ser ut til å være betingede faktorer.
Ninni