Nå, like før hjortejakta startar, kan det kanskje koma godt med med ein ny idè til ein hjortamiddag? Prøv denne:
Legg ein passande mengde hjortekjøt, gjerne kutta i litt tjukke skiver (på båndsag om kjøtet er frossent), i kulturmjølk eit i par døgn, i kjøleskap. Imens kan du jo ta ein sopptur – eller du kan dra på butikken og kjøpa championar, gjerne av aromatypen. Ta så kjøtet opp av mjølka, kutt i terningar og stein raskt. Ha kjøtet i ei gryte og hell på vatn til det såvidt dekkar kjøtet, kok litt på svak varme. Så steiker du soppen og har den òg i gryta. Ha i salt og pepar, lag ei jevning av matfløyte og kveitemjøl og ha denne i, kanskje saman med ein skvett ripssaft (har du ikkje ripssaft, får du kjøpt denne på huglamesso). Så har du i (lett)rømme og kanskje litt mer matfløyte? Det er du som kokk som avgjer når du tenkjer at gryta smakar som du vil ha ho! Heimelaga potetstappe er veldig godt til, og gløym ikkje lettkokte grønsakar.
Velbekomme!