Årsmelding for året 2016.
Huglo IL har i løpet av året arbeida med desse sakene.
Aktivitetar.
Huglo IL har trim for damer, barnetrim, turngruppe for barn og stortrening som faste innslag i løpet av veka. Aktivitetane går føre seg på torsdag og fredagar.
I tillegg vert styrkerommet brukt flittig, så og sei alle dagar i veka. Alle som er medlem i Huglo IL kan nytta seg av dette tilbodet.
Av andre aktivitetar er turorienteringa, tur til Varden palmesøndag og terrengløpet Varden opp.
St. Hans vart feira som åra før med fotballkamp og grilling mm på Leirepadlen.
Inntekter.
Huglo IL har fått kr. 15.000,- av SPV til innkjøp av kajakk. Utanom inntekter knytt til medlemskontingent, sal av o- kart, kulturmidlar får Huglo IL kr. 4000,- for rydding av Vikasanden frå Huglo bygdelag.
Investeringar.
Huglo IL har i løpet av året 2016 investert i robotklipper til Leirvikestølen og utstyr til styrkerommet.
Traktorklipperen vil bli selt.
Huglo IL