Søndag ettermiddag tok korpset på Huglo turen til Onarheim for konsert saman med Onarheim musikklag. Huglarane vart teke godt i mot og fekk både betasuppa og softis under øvinga før konserten.
Sjølve konserten samla bra med folk og Huglo var først ut med eit variert program. Dirigent Nick Hughes var svært nøgd med det musikalske. Etter Huglo sitt program var det eit par fellesnummer med begge korpsa – då vart det verkeleg trøkk. I pausen venta kaker, kaffe og softis til alle. Til sist fekk alle lytta til god musikk frå Onarheim musikklag.
Foajeen på OnarTun eigna seg svært godt for korpskonsert, og begge korpsa var samstemde i at dei ynskte meir felles korpsmusikk framover.