Ca. 25 huglarar hadde møtt fram då skjebna til skulehuset skulle avgjerast.
Leiaren i Huglo Bygdalag la fram resultatet av forhandlingane med KF, som har ansvaret for kommunale bygg. KF hadde no forlangt at det skulle tas ei avgjerde, då kommunen var interessert i å kvitte seg med ansvaret for bygget. Ville ikkje Huglo Bygdalag kjøpa huset til ein sumbolsk sum, ville skulen verta lagt ut for salg til høgstbydande.
Driftsutgifter for bygget er anslått til ca. kr. 100.000,- pr. år. For tida er det eit stort etterslep i vedlikehaldet og det elektriske anlegget treng oppgradering. Bygdalaget har leigeinntekter på kr. 6.000,- pr. månad (barnehagen). KF vil ya kr. 50.000,- pr. år slik at skulehuset kan nyttast til idrettshall, kulturbygg, samlingssted, bibliotek og “andre aktivitetar”. Dette gjeld jo særleg bruken av gymsalen. Kva kan ein elles nytta skulebygget t til som vil gje inntekter?
Det kom på møtet fram ein del spørsmål som framleis må avklarast nærare, m.a. kor lenge dette vedtaket står ved lag, og kva “andre aktivitetar” innebærer.
Vedtaket som vart gjort, er at Huglo Bygdalag kjøper skulebygget for kr.100,-. Ingen av dei frammøtte stemte imot bygdalaget sitt forslag.