Huglo skule


Skulen vår overlevde rådmannen sin budsjettrevisjon, og er framleis ein sjølvstendig skule. Og i år fekk skulen ny rektor. Laila Føyen har vore lærar på skulen i fleire år, så ho kjenner til korleis ein så liten skule er i kvardagen. Veteranlærar Kari er her framleis, og så Silje Kjerpeseth som kom i fjor. Skulen har i år 4 elevar i småskulen og 4 i storskulen. Utfordringa vert å utnytta “smålegheita” og samstundes vera retta utover, sjå kva som rørar seg når det gjeld skuleutvekling, og gjerne samarbeida med t.d. Rommetveit skule.

Ungane seier dei er glade for å koma i gong att – og det same seier lærarane, så dette teiknar bra! Sånn i starten gjeld det å få god oversikt og diskutera nye idéar både mellom kollegaane og med foreldra. I dette skuleåret kjem det til å verta lagt særskild vekt på det sosiale miljøet i skulen, det er viktig at ungane er trygge og trivst for at dei skal læra. Ein skal arbeida for at kvar elev har sin eigen datamaskin, og det vert sett i gong leksehjelp for dei som ynskjer det.
Huglo skule har til no vore den eineste Stord-skulen som ikkje har hatt eigen heimeside. No kjem den! Foreldra vil få eit skriv der dei kan tillate eller sei nei til at det vert lagt ut bilete på nettet der ungane kan kjennast att. Det er vanleg at ein ikkje nyttar navn på ungane på fotos på skuleheimesider, men det er ikkje lett å vera anonym på bilete frå Huglo skule . . .
Elles er det nytt at foreldra bestiller skulemelk til barna sine direkte, ikkje gjennom skulen.
Me ynskjer ny rektor Laila og begge lærarane lukke til med nytt skuleår! Då huglo.no var innom skulen, var det god stemning på skuleplassen, ungane koste seg saman, så dette lovar godt!