Hurra, det er vinterferie!


snø i vinterferien

Elevar og lærarar på Huglo skule, er klare for ein velfortjent vinterferie. I år treng ein ikkje reise vekk for å oppleva snø og kulde. Det ser ut for at det kjem meir snø i tida framover, til stor jubel frå elevane. Vinterferien 2010 vert nok mykje prega av fjernsynssynssendingane frå vinterleikane i Vancouver, men desse elevane veit og korleis ein skal boltra seg i snøen. Det har allereie vore mykje aktivitetar med akebrett og ski, og nokre av elevane er klare for litt plussgrader med kram snø til snømenn og snøhyttelaging. Etter vermeldinga ser det ut til at kulda held seg ei stund framover enda.

Det er ikkje berre småskulen som gledar seg over vinterferie. Også elevane ved ungdomsskulen og vidaregåande ser fram til ei roleg veke utan undervisning. Dei og vert nok å finne ute i snøen denne vinterferien.