Kjenner du minstemåla for fisk?

Fredag kveld la ein båt frå Fiskeridirektoratet til ved brygga på Nordhuglo.  Til vanleg betyr “Fiskeridirektoratet” kontroll av reidskap, men her var dei bare leigd inn for å intervjua hobbyfiskarer om kva dei fiska med, om dei kjende til minstemålet for fisk, og om fangsten.  Dei hadde høyrt frå ein kollega at her, på Huglo, var det så bra å tanka, og ligge over natta.

Kjenner du som er hobbyfiskar minstemål-bestemmelsene?  Dei finn du på lovdata.no, Forskrift om utøvelse av fisket i sjøen, Kapittel IX Minstemål og tiltak for å begrense fangst av fisk under minstemål.  Det er ein fisk som er vanleg i våre farvatn som ikkje er nevnt der: Lange, som er ein dypvannsfisk som ein fiskar med agn. Problemet med minstemål er at om ein får opp ei langa som er under målet, vil den døy sjølv om ein tar den forsiktig av kroken, p.g.a. trykkforskjellen på dypet der den kjem frå, og trykket i overflata.  Og ikkje er det lov å kasta ut daud eller døyande fisk heller!  Då er det faktisk betre at den litle langa vert mat og slik kjem til nytte.

Skitt fiske!

                         Minstemålet for torsk sør for 62 gr er 40 cm.