Ny plan

Pendlarane med ferja til/frå Jektevik har nok merka seg byggeverksemda på kaien.  Kva skjer?  Jo, dette vert ladestasjon for ferja, som jo skal kunne gå elektrisk.  Hadde ikkje ferja ein ladar på Jektevik, som til og med vart vist på TV?  Jo, men den vart teken bort, så nå må dei setja opp ei ny – for ferja skal framleis gå elektrisk, óg etter nyttår med nytt ferjeselskap.  Så får me håpa på at denne ladestasjonen får stå i komande anbudsperiode.